fredag 21. november 2008

Vinter i Urkegjerde

Først laurdag morgon slutta det å snø, men ikkje før det låg 60 cm snø på flat mark. Søndag skein det opp. Blå himmel, men sola viser seg berre ein time så seint på året. Om tre dagar er sola vekk fram til 16. januar. Her er nokre stemmningsbilete frå søndagsturen vår.



Vinteren er komen. Ja i dag, fredag 21. november, er det nærast snøstorm ute. Heldigvis sette eg kjettingar på traktoren tidlegare i veka, slik at alt var klart til snømåking. No er her ca. 30 cm snø, men det snør framleis som de kan sjå av bileta.





fredag 14. november 2008

Barnedåp

Søndag 9.novmber vart Fredrik døypt i Mortensrud kyrkje. Ei flott gudsteneste og dåpshandling der Torstein tørka Fredrik etter dåpen, og Sverre tende lys for Fredrik. Etter dåpen var det dåpsfeiring hos Mona og Are. Tradisjonen tru for ein trønder, vart det servert deilig Inderøysodd med eit spesielt flatbrød til. Her kan du sjå bilete frå dåpsfesten.





søndag 2. november 2008

Søndagstur

Søndagsturen vart i dag lagt til den nye trim/turvegen på Urke. Opp til kraftverksinntaket på Indre Urke og ned igjen på Ytre Urke. Ein tur på ca. 7,5 km. På vegen tok eg bilete av det nye kraftverket, og bilete frå inntaksdammen. Det meste er no ferdig, og i kraftverket surrar turbinen til glede for både Tussa og grunneigarane. På vegen ned igjen passar det fint å ta seg ei pause og litt kaffi i selet vårt.




lørdag 1. november 2008

Lakseeventyr i Hjørundfjorden

I stormen sist helg rømte nesten 20.000 laks frå ei merd i Vartdalsfjorden. Dette skapte laksefeber i Storfjorden. I Hjørundfjorden dukka det og opp ein og annan laks. Det vart gitt løyve til fritt fiske etter laks, så fredag kveld sette Gunvor og meg to garn utafor Lekneset. I tillegg sette vi ut krabbeteinar. Laurdag morgon drog eg ut for å sjekke garna og jammen sto det to fine oppdrettslaksar å blenka i garnet. Den eine åt vi til middag laurdag kveld, den andre skal vi røyke. I teinane vart det og flott fangst, minst ti krabber. Søndag var eg ute og drog opp garna og jammen sto der to fine laksar i inste garnet då og. Her kan du sjå nokre bilete av fangsten og ikkje minst nokre flotte naturbilete.






fredag 31. oktober 2008

Vinterstemmning i oktober

I år fekk vi ein tidleg forsmak på vinteren med ned mot 7 minusgrader og snø. Eit kvitt teppe la seg over landskapet og Hjørundfjorden viste seg frå sin kanskje vakraste side.







onsdag 22. oktober 2008

Hausttur til Tysnes

Sist helg var vi ein tur til Tysnes. Mykje regn har det vore den siste tida, men søndag morgon letta det opp og eg fekk tatt nokre haustbilete med det nye kameraet mitt - Nikon D60.

tirsdag 21. oktober 2008

Haustferie

I haustferien fekk vi vitjing av Dynastiet Halland. Då fekk vi sjå igjen Fredrik, Torstein og Sverre. Heldigvis vart det så flott ver at vi fekk setje både garn og teiner.
Her kan du sjå bilete av Fredrik, og bilete frå fisketuren, der vi fekk både krabbe, hummar og lyr.

Hjortejakt

I løpet av ei kort veke i haust skaut Jogeir to hjortar. Første hjorten, ei lita kolle, vart felt alt første kvelden nede på marka. Men for å klare å skyte den andre hjorten, ein stor bukk, måtte Jogeir høgt til fjells. Eg sto å dirigerte i walkie talkie og kunne sjå hjorten ramle nedover eit bratt gjøl etter eit velretta skot. Her kan du sjå nokre tildels blodige trofebilete.