fredag 6. mars 2009

Vinterferie i Oslo

I vinterferien reiste vi for å vitje Sverre, Torstein og Fredrik i Oslo, Mona, Are og Sesilie og sjølvsagt. Vi feira Torstein sin fødselsdag og iallefall farfar fekk prøva skia i dei flotte løypene på Skullerud. Her er nokre bilete frå ferien.





lørdag 24. januar 2009

Blikkfanget Venus

I det flotte veret har vi kunna studere stjernehimmelen nesten kvar kveld. Tidleg på ettermiddagen har vi sett ein imponerande lyssterk Venus. Ein ettermiddag ville eg forsøke å ta bilete av planeten og rigga meg til med zomlinse og stativ. For å fange nok lys sto lukkeren open i 30 sekund så stativ var heilt naudsynt. Eg vart ganske nøgd med resultatet, og har fått mykje skryt av bilete etter at eg publiserte det på Hjørundfjordpotalen. http://www.hjorundfjord.no/.

Vårstemmning og vedsaging i Urkegjerde

Medan andre delar av landet snør ned så er det nesten vårstemning på Sunnmøre. I dag var temperaturen + 5 grader, og det er lenge sidan vi har hatt nedbør. Snøen er nesten vekke så det er ypperlege tilhøve for vedsaging.




Trass i at 13 hjortar vart skotne på Ytre Urke, og 80 hjortar i Norangsfjorden, så snubla eg over fersk hjorteskit i massevis oppover bakkane.

fredag 21. november 2008

Vinter i Urkegjerde

Først laurdag morgon slutta det å snø, men ikkje før det låg 60 cm snø på flat mark. Søndag skein det opp. Blå himmel, men sola viser seg berre ein time så seint på året. Om tre dagar er sola vekk fram til 16. januar. Her er nokre stemmningsbilete frå søndagsturen vår.



Vinteren er komen. Ja i dag, fredag 21. november, er det nærast snøstorm ute. Heldigvis sette eg kjettingar på traktoren tidlegare i veka, slik at alt var klart til snømåking. No er her ca. 30 cm snø, men det snør framleis som de kan sjå av bileta.





fredag 14. november 2008

Barnedåp

Søndag 9.novmber vart Fredrik døypt i Mortensrud kyrkje. Ei flott gudsteneste og dåpshandling der Torstein tørka Fredrik etter dåpen, og Sverre tende lys for Fredrik. Etter dåpen var det dåpsfeiring hos Mona og Are. Tradisjonen tru for ein trønder, vart det servert deilig Inderøysodd med eit spesielt flatbrød til. Her kan du sjå bilete frå dåpsfesten.





søndag 2. november 2008

Søndagstur

Søndagsturen vart i dag lagt til den nye trim/turvegen på Urke. Opp til kraftverksinntaket på Indre Urke og ned igjen på Ytre Urke. Ein tur på ca. 7,5 km. På vegen tok eg bilete av det nye kraftverket, og bilete frå inntaksdammen. Det meste er no ferdig, og i kraftverket surrar turbinen til glede for både Tussa og grunneigarane. På vegen ned igjen passar det fint å ta seg ei pause og litt kaffi i selet vårt.




lørdag 1. november 2008

Lakseeventyr i Hjørundfjorden

I stormen sist helg rømte nesten 20.000 laks frå ei merd i Vartdalsfjorden. Dette skapte laksefeber i Storfjorden. I Hjørundfjorden dukka det og opp ein og annan laks. Det vart gitt løyve til fritt fiske etter laks, så fredag kveld sette Gunvor og meg to garn utafor Lekneset. I tillegg sette vi ut krabbeteinar. Laurdag morgon drog eg ut for å sjekke garna og jammen sto det to fine oppdrettslaksar å blenka i garnet. Den eine åt vi til middag laurdag kveld, den andre skal vi røyke. I teinane vart det og flott fangst, minst ti krabber. Søndag var eg ute og drog opp garna og jammen sto der to fine laksar i inste garnet då og. Her kan du sjå nokre bilete av fangsten og ikkje minst nokre flotte naturbilete.