lørdag 24. januar 2009
Blikkfanget Venus
I det flotte veret har vi kunna studere stjernehimmelen nesten kvar kveld. Tidleg på ettermiddagen har vi sett ein imponerande lyssterk Venus. Ein ettermiddag ville eg forsøke å ta bilete av planeten og rigga meg til med zomlinse og stativ. For å fange nok lys sto lukkeren open i 30 sekund så stativ var heilt naudsynt. Eg vart ganske nøgd med resultatet, og har fått mykje skryt av bilete etter at eg publiserte det på Hjørundfjordpotalen. http://www.hjorundfjord.no/.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Fint bilete. Kanskje du kunne redusert ISO hastigheita for å unngå "grums" og få eit litt klarare bilde.
Fann ei side med fantastisk inspirasjon til bilete med lang lukkertid:
http://digital-photography-school.com/long-exposure-photography
Legg inn en kommentar